Bolstadøyri bedehus

juni 20th, 2007

Bedehuset

Tekst henta frå Voss Kyrkjer sine sider om bedehuset

Kjelde:  Bolstadøyri Bedehus 100 år av Kjartan Rødland, utgjeve av styret for Bolstadøyri bedehus 1989.

Våren 1889 samla Bolstad-folket seg til møte om bygging av bedehus. Dei mangla alt: Pengar til bygging, tomt til huset og teikningar.  I desember same året var huset klart til innviing, vel 6 år etter at jernbanen starta drifta Bergen-Voss.  Om tanken var teken opp i dag, hadde ein knapt nådd fram til bygningsmynde på den korte tida. 

Vigslingshøgtida var 7. desember 1889.  Prost Wilhelm Hansteen føretok vigslinga.  Brynjulv Horvei hadde skrive salmar.  Huset var stappfullt av folk, slik at dei som kom sist måtte stå i gangen. Grenda sjølv hadde då samla inn pengar til arbeidet, og lokale snikkarar stod for arbeidet.  Vakkert ligg det på tomta ytst på almenningen.

Alt året etter tok dei opp tanken med å få bruka huset til kyrkjelege handlingar.  Først vart det halde ”bibellesingar” av prestane kvar fjerde veke.  I 1926 gav departementet løyve til at huset kunne takast i bruk til gudstenester.  Det måtte skaffast preikestol, altarring og døypefont.  I 1960- og 70-åra vart det føreteke store ombyggingar og påbygg.  Huset fekk mellom anna klokketårn og sakristi.  Det vart tilsett klokkar og kyrkjetenar.

Orgelet som står i dag, kom på plass i 1977.  Altarteppet er vove av Else Marie Jakobsen. Det vart hengt opp i 1974.  Den gamle altartavla vart først sett på loftet, men seinare pussa opp og hengt opp over inngangsdøra til kyrkjerommet..  Det viser enno att restane av eit kulehol frå siste krig.  Kula hadde gått gjennom høgrearmen til Kristus.  Ho kom truleg frå ei tysk mitraljøse som var plassert ved munningen av Hyvingatunellen.  Brudestolane i gyldenlær er laga av Gunnar Bjotveit i Kinsarvik.  Ny messehakel i fiolett farge vart teken i bruk 1. sundag i advent 1996.

Bygdefolket har opp gjennom tidene sjølve samla inn og gjeve pengegåver og andre gåver til huset.  Ein viktig del av dette er kvinneforeninga.  Kvart år syter dei for store beløp til drift av - og utstyr til huset.

Kyrkjerommet har i dag plass til om lag 100 personar, men det kan setjast inn fleire lause stolar så det kan verta plass til om lag 50 til.  For huset er det eit eige styre som har ansvaret for drift og vedlikehald.  Kyrkjeleg fellesråd yter eit lite tilskot (som leige for kyrkjedelen).  Styret har ”tilsett” reinhaldar.

Bolstadøyri bedehus lite


Trackback URI | Comments RSS

Gi ein kommentar.

Name (obligatorisk)

Email (obligatorisk)

Nettsted

Skriv kommentar i feltet under :