Om Bolstadøyri

Bolstadøyri er ei koseleg, trygg og vakker bygd vest i Voss kommune med rundt 240 innbyggjarar. Bygda ligg 50 min med tog frå Bergen og 25 min med tog frå Voss. Bolstadøyri er kjent for ei god lakseelv og ligg mellom fine fjell ved Bolstadfjorden. Her kan ein gå fortturar i fjellet, fiska i elvar, vatn og på fjorden, ein kan padla kajakk og driva med paragliding og fjellklatring. Om vinteren er det kort veg til fint skiterreng enten i lysløypa nede i dalen eller opp på fjellet.

Det er eit aktivt lagsliv og fritidstilbod for alle aldergrupper. Det er i tillegg lett å koma seg til Voss og Bergen og delta i kultur og fritidstildbodet der. Skule og barnehage ligg 10 min køyretur unna.

Bolstad er ei tilflyttingsbygd, siste året har bygda fått ca. 25 nye innbyggjarar. Les meir om bolstadgrenda på www.bolstadoyri.no, ei nettside for fellesskapet i bygda, eller sjå videoane og bilete-galleriet under for å bli betre kjend med naturen og bygda.

Bolstad er ein god plass å busetja seg!

Eikelitunet kjem i åsen på venstre side i biletet.